Professor's post in Finnish, Troms ø

Johanna Laakso johanna.laakso at univie.ac.at
Tue Feb 28 20:41:26 UTC 2012


Forwarded (below, in Norwegian), a job announcement
--
Univ.Prof. Dr. Johanna Laakso
Universität Wien, Institut für Europäische und Vergleichende Sprach- und Literaturwissenschaft (EVSL)
Abteilung Finno-Ugristik
Campus AAKH Spitalgasse 2-4 Hof 7
A-1090 Wien
johanna.laakso at univie.ac.athttp://homepage.univie.ac.at/Johanna.Laakso/
Project ELDIA: http://www.eldia-project.org/ 




Välitetty viesti alkaa:

> 
> Tromssan yliopiston humanistinen tiedekunta hakee Suomen kielen professoria:
> 
> 
> http://www.jobbnorge.no/job.aspx?jobid=81504
> 
> 
> Førsteamanuensis/professor i finsk språkvitskap
> 
> Førsteamanuensis/professori finsk språkvitskap ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Institutt for språkvitskap
> 
> Søknadsfrist: 22.03.12
> Søknader skal merkast: 2011/5683
> 
> Ved Universitetet i Tromsø er det frå 1.8.2012 ledig ei stilling som førsteamanuensis/professor i finsk språkvitskap.
> 
> Nærmare opplysningar ved instituttleiar Endre Mørck, tlf. 77 64 42 38, e-post:endre.morck at uit.no.
> 
> Institutt for språkvitskap (IS) har vel 30 fast vitskapleg tilsette og om lag 10 stipendiatar. I tillegg kjem administrativt personale og mellombels tilsette i forskings- og undervisnings-stillingar. Ved IS driv ein undervisning, forsking og formidling innanfor faga allmenn språkvitskap, engelsk, finsk og kvensk, fransk, nordisk, russisk, samisk, spansk og tysk. Detblir òg arbeidd med samisk språkteknologi innafor gruppene Giellatekno og Divvun. Dessutan går det føre seg mykje språkvitskapleg forsking på eit eige senter for framifrå forsking i teoretisk lingvistikk, CASTL.
> 
> På bakgrunn av Universitetet i Tromsø sin nordområdeprofil har IS forsking på språkforholda i nordområda som eit naturleg satsingsområde. Dessutan er teoretisk lingvistikk eit sentralt område i tilknyting til CASTL. I tillegg til samisk språkteknologi og CASTL, og grupper innanfor dette senteret, er det etablert forskingsgrupper på felta slavisk kognitiv lingvistikk, språktileigning og språk og samfunn.
> 
> Den som blir tilsett i stillinga, må vere open for å ta del i undervisninga i finsk og kvensk språk¬vitskap på alle nivå (bachelor, master og ph.d.) og rettleie studentar både på lågare og høgare grad. Dessutan kan det bli aktuelt med under¬visning i fellesemne og i tverrdisiplinære emne avhengig av kompetanse og instituttet sine behov.
> 
> Den som blir tilsett, må vere villig til å engasjere seg i utviklingsarbeidet innanfor sitt eige fag og for universitetet som heilskap.
> 
> For tilsetting som førsteamanuensis krev ein minimum norsk doktorgrad på aktuelt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskaplege arbeid av same omfang og kvalitet.
> 
> For tilsetting som professor må det kunne dokumenterast vesentleg meir omfattande forsking av høg kvalitet enn det som blir kravd til doktorgrad.
> 
> I tillegg må søkjarar kunne dokumentere pedagogiske kvalifikasjonar i form av universitets-pedagogisk seminar, anna pedagogisk utdanning eller gjennom å ha utvikla ei pedagogisk mappe. I særlege tilfelle kan dokumentert praktisk kompetanse som undervisar bli vurdert som likeverdig.For nærmare informasjon om krav til pedagogiske kvalifikasjoner, sjå eigen nettside om universitetspedagogikk.
> 
> For den utlyste stillinga er kravet anten at ein har mastergrad og doktorgrad i finsk eller finsk-ugrisk språkvitskap, eller at ein har tilsvarande bakgrunn der utdanning i finsk og/eller kvensk språk og arbeid med finsk-/kvenskspråkleg materiale har stått sentralt.
> 
> Med tanke på situasjonen for finsk og kvensk i Nord-Noreg er det ønskeleg med kompetanse frå arbeid med fleirspåklegheit, språkkontakt eller liknande.
> 
> Den som blir tilsett, må dokumentere gode språkkunnskapar i finsk og kunne undervise i praktisk finsk på alle nivå. Søkjaren må også kunne bruke norsk eller eit anna skandinavisk språk.
> 
> Dersom ein ikkje har kunnskapar i eller om kvensk, må ein skaffe seg dette etter tilsetting.
> 
> Ved Universitetet i Tromsø skal fordelinga av arbeidstida vere fleksibel og tildelast på individuelt grunnlag. For førsteamanuensis og professor er hovudprinsippet likevel at kvar tilsett i dessestillingskategorianeskal bruke like mye tid til undervisning og FoU-arbeid når tid til andre arbeidsoppgåver er trekt ifrå.Som norm blir 5 % tidsressurs avsett til administrative oppgåver for fagleg tilsett i alle stillingskategoriar. For nærmare informasjon visar vi til Retningslinjer for fordeling av arbeidstid for ansatte i undervisnings- og forskerstillinger.
> 
> Fast tilsette i stilling som førstelektor, førsteamanuensis og professor har rett til å søkje om forskings- og utviklingstermin med lønn, jf. Retningslinjer for fordeling av FoU-termin.
> 
> Førsteamanuensis blir lønna etter statens regulativ kode 1011. Professor blir lønna etter kode 1013. Det blir trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse. 
> 
> Søkjarane vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Hovudvekta blir då lagt på evalueringa av dei innleverte vitskaplege arbeida sett i høve til stillingsomtalen. Det vil dessutan bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring frå popularisering/formidling, fagpolitisk og administrativt arbeid og anna kvalifiserande verksemd. Dei søkjarane som blir vurderte som best kvalifiserte, vil bli kalla inn til intervju. Det kan bli halde prøveforelesing. I tilsettingsprosessen blir det også lagt vekt på om søkjarane er skikka som person for stillinga.
> 
> Dersom det ikkje melder seg kvalifisert søkjar til stillinga, kan det bli aktuelt med mellombels tilsetting for inntil 3 år, jf. forskrift til tenestemannsloven § 5 nr. 1 og universitets- og høgskulelova § 6-5, 1. ledd. Søknad om fast tilsetting med ny bedømming må skje innan utløpet av 3-årsperioden. Tilsettinga blir fast dersom søkjar då blir funnen kvalifisert.
> 
> Dersom tilsettinga er mellombels på grunn av manglande pedagogiske kvalifikasjonar, må søkjar innan utløpet av 3-årsperioden få godkjent pedagogiske kvalifikasjonar gjennom å ha utvikla ei pedagogisk mappe. Tilsettinga blir fast dersom søkjaren då blir funnen kvalifisert.
> 
> Universitetet i Tromsø ønskjer å rekruttere kvinner til forsking. Dersom to eller fleire søkjarar blir funne tilnærma likeverdig kvalifiserte, vil universitetet stille kvinner framfor menn.
> 
> Søknad sendes elektronisk på søknadsskjema som ligger på denne siden (Søk stillingen).
> 
> I tillegg skal ein sende søknad med CV, stadfesta kopiar av vitnemål og attestar, skjema forpedagogiske kvalifikasjonar,liste over arbeid og omtale av desse (sjå nedanfor) innan søknadsfristen – i 4 eksemplar – direkte til:
> 
> Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning
> Universitetet i Tromsø
> NO-9037 TROMSØ
> 
> Lista over arbeid skal ha følgjande opplysningar:
> –    forfattar(ar), tittel på arbeidet
> –    for artiklar: namn og volum på tidsskriftet, første og siste sidetal på artikkelen, årstal
> –    for bøker eller andre sjølvstendige publikasjonar: forlag, trykkestad, år og sidetal
> 
> Søkjaren kan levere inntil 10 arbeid som er sentrale i hennar/hans produksjon. Doktorgrads-avhandlinga blir i denne samanhengen rekna som eitt arbeid. Arbeida skal leverast i 3 eksemplar og vereordna i 3 komplette sett. I tillegg skal ein sende inn eitt eksemplar av dei andre vitskaplege arbeida.
> 
> Søkjaren skal levereein omtale av sin vitskaplege produksjon der ho/han peikar på kva for arbeid som er mest verdfulle og derfor bør stå sentralt i vurderinga. Vidare skal ein kortfatta gjere greie for deiandre arbeida for å vise breidda i produksjonen.
> 
> Opplysningar og materiale som ein skal ta omsyn til i vurderinga, må være innlevert innan søknadsfristen. Eventuelle referansar må oppgjevast.
> 
> Arbeida skal sendast innan søknadsfristen direkte til:
> 
> Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning
> Universitetet i Tromsø
> NO-9037 TROMSØ
> 
> Vi visar elles til Utfyllende bestemmelser for tilsetting i undervisnings- og forskerstillinger ved Universitetet i Tromsø og til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
> 
> Førespurnad om korleis arbeidsmiljøet er tilrettelagt, korleis arbeidsstaden er utforma fysisk, helseteneste, moglegheiter for fleksitid, deltid o.l., kan ein rette til telefonreferansen.
> 
> Ved Universitetet i Tromsø legg vi vekt på mangfald, og oppfordrar difor søkjare og søkje utan å ta omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. 
> 
> Universitetet er ei IA-verksemd, og vil freiste å leggje arbeidsforholda til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.
> 
> Personopplysningar som blir oppgitt i søknad og CV til stillingar blir handsama i tråd med lov om handsaming av personopplysningar, personopplysingsloven. I tråd medoffentlegheitsloven § 25, 2. ledd, kan søkjar be om ikkje å bli ført opp på den offisielle søkjarlista. Universitetet kan likevel vedta at namnet på kandidaten skal offentleggjerast. Søkjer vil i forkant av eventuell offentleggjering bli varsla.
> 
> UNIVERSITETET I TROMSØ
> 9037 Tromsø
> 

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: <http://listserv.linguistlist.org/pipermail/ura-list/attachments/20120228/8edcddc4/attachment.html>


More information about the Ura-list mailing list